– Kva kryssingspunktet over Vartdalsfjorden for E39 skal vere, har innverknad på kva standard Ørstafjordkryssinga skal planleggast med. Dersom kryssing av fjorden mot Hareid blir langs traseen for dagens Eiksundsamband, vil ikkje Ørstafjordkryssinga bli ein del av riksvegnettet. Vegen må då planleggast som ein fylkeskommunal tilførselsveg til E39.

Dette kjem fram i eit referat frå eit møte mellom Ørsta kommune og Statens vegvesen i mars i år. Under møtet vart status for Ørstafjordkryssinga drøfta. Vegvesenet orienterte om korleis arbeidet med Hafast påverkar Ørstafjordkryssinga.

I løpet av to år

Det er sett i gang ein såkalla teknologi- og moglegheitsstudie for kryssinga av Sulafjorden. Denne skal etter planen vere ferdig i løpet av 2015. Trasétilrådinga for kryssing av Sulafjorden kan kome i løpet av 2016.

Statens vegvesen kan ikkje starte arbeidet med kommunedelplanen for Ørstafjordkryssinga før arbeidet med kryssinga av Vartdalsfjorden og Sulafjorden er fullført. Som Møre-Nytt har skrive tidlegare, vil det ta eit par år før dette arbeidet kjem i gang.

Ørsta-politikarane har tidlegare teke initiativ til å starte arbeidet med kommundelplanen i kommunal regi.

Bypakke

Ørsta kommune og Statens vegvesen er også samde om at  Ørsta og Volda kommunar bør samarbeide om delfinansiering av Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga, til dømes som bompakke der også andre tiltak blir bakt inn. Dette liknar på ein såkalla bypakke. Modellen er brukt ved fleire fleire mellomstore stader, som til dømes Førdepakken.

– Dette kan til dømes skje gjennom ei felles kommunal arbeidsgruppe der Statens vegvesen kan bidra med fagleg støtte i prosessen. Begge prosjekta bør sjåast i samanheng, sjølv om Voldatunnelen skulle verte bygt først, heiter det i referatet.