Det viser tal som Riksrevisoren la fram i førre veke. Tala vart først presenterte i Universitas.

Noreg er mellom landa i OECD som er dårlegast på gjennomføringsgrad i høgare utdanning. Målet med Kvalitetsreformen i 2003 var mellom anna å få fleire studentar  til å gjennomføre studia til rett tid. Konklusjonen til riksrevisor Per-Kristian Foss er at reforma ikkje har hatt ein nemneverdig effekt på gjennomføringsgraden i høgare utdanning i Noreg.

I Volda ser likevel situasjonen bra ut. 63,7 prosent av studentane fullfører til rett tid. Det er best i Noreg. På dei neste plassane følgjer Norges idrettshøgskole (62) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (61,5).

NTNU (14,8), Høgskolen i Nesna (18,9) og Universitetet i Oslo (29,5) har den lågaste gjennomføringsgraden i Noreg. Høgskolen i Ålesund hamnar midt på treet, med ein gjennomføringsgrad på 44,3 prosent.