Om å ho tenkte på ordtaket ”Når det regnar på presten, dryp det påklokkaren” veit vi ikkje, men då regnet kom for alvor underpinsegudstenesta ved Hovdevatnet måndag, kom Marinne Lund resoluttfram med paraplyen. Slik kunne sokneprest Arne Moltubak fullførepreika si etter planen, og fortelje om Den Heilage Ande og dentreeinige Gud.

Det er Hovdebygda IL i samarbeid med soknerådet iØrsta som arrangerer pinsegudstenesta på Badeberget . Dette harvorte ein årviss tradisjon, og sjølvsagt vart det også gudstenestedet året Hovdebygda IL fyller hundre år. Sokneprest Arne Moltubakgratulerte då også HIL med jubileet då gudstenesta starta.

Åretsgudsteneste var nok ei av dei våtaste og kaldaste som har vore.Likevel kom om lag femti personar til Badeberget. Nokre køyrdeheilt fram, andre gjekk langs vatnet og langs turstiane som er iområdet.

- Eg kan ikkje hugse at det har regna slik underfriluftsgudstenesta tidlegare, Det var kanskje ein gong då SigridSigmundstad forretta. Men eg er glad her er såpass med folk nårveret var så utrygt, seier Lund.

Etter at gudstenesta var ferdigvar det ”kyrkjekaffi” slik tradisjonen er – med trimgruppa i HILsom serverte kaffi og kaker på friluftsområdet ved Hovdevatnet.