Representantar frå bedrifter frå Loen i sør til Fosnavåg i vest seier nei til kommersialisering av flyruta Hovden-Oslo.

– Kommersialisering av rutetilbodet mellom Hovden og Oslo vil rive ut grunnsteinen under det gode tilbodet som er bygt opp ved hjelp av kombinasjonen mellom eit strekt næringsliv og statleg støtte. Dette er dramatisk og ikkje berekraftig i den komande perioden. Vi trur det vil føre til eit dårlegare flytilbod, auka prisar og ei nedbygging av ein av landets mest suksessrike kortbanelufthamner.

Det skriv representantar frå næringsliv og offentleg sektor på Søre Sunnmøre i eit brev til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen. Statsråden ønskjer som kjent å fjerne subsidiane frå ruta frå neste anbodsperiode (2016–).

13 underskrifter

Brevet er skrive under av Stig Remøy (Olympic Shipping), Ståle Rasmussen (Kleven), Gunvor Ulstein (Ulstein Group), Mona Ryste/Knut Nautvik (Volda sjukehus), Njål Sævik (Havila), Richard Grov (Hotell Alexandra, Loen), Jacob Kjøde (Høgskulen i Volda), Kjetil Nesset (Vik Ørsta), Rolf Morten Lie Holum (Saferoad AS), Trygve Aasland (Fora Form), Terje Høybakk (Maritim Forening Søre Sunnmøre), Stefan Halck (Volda Næringsforum) og Odd Magne Vinjevoll (Ørsta Næringskontor).

– Ei kommersialisering er stikk i strid med tilrådingar frå næringslivet, administrasjon og politikarar på fylkeskommunen og kommunane på Søre Sunnmøre. Flyplassen har styrka konkurransekrafta for næringslivet og bidreg til å halde oppe busettingsmønsteret i arbeidsmarknadsregionen vår, heiter det i brevet.

Forfattarane meiner også at nedgangen i den oljerelaterte industrien i området gjer det heile ekstra problematisk.

– No må styresmaktene bidra til stabilitet i rammevilkåra til industrien.

Snarleg møte

Ordførar Rune Hovde i Ørsta seier han har fått stadfesta at representantar frå regionen får eit møte med departementet om saka.

– Eg har ikkje fått stadfesta tidspunkt, men det blir truleg i løpet av dei neste par vekene, seier Hovde til Møre-Nytt.