Norske Esso tek berre ansvar for delar av ureininga som er funne påMørebil-tomta.

Det fortaleseniorrådgjevar Svein Silseth i kommunestyret torsdag.

Representanten Paul Kristian Hovden (KrF) hadde på førehand stiltspørsmål om kva framdriftsplan kjøparane av tomta har, og når denformelle overtakinga mellom kommunen og kjøparar, H.I Giørtz SønnerAS og Asko Eigedom AS vil skje.

Møre-Nytt har fått informasjon omat også Jan Endre Vartdal skal vere med i den nyeeigarkonstellasjonen for Mørebil-tomta.

Svein Silseth fortalde omgrunnundersøkingar på Mørebil-området der det tidlegare har vorem.a. bensinstasjon og verkstadverksemd.

Frikjend

– Først låg detføre ein rapport frå Esso som frikjende området. Men det vart gjortnye undersøkingar som resulterte i nye funn på område som tidlegareikkje var undersøkt. Norske Esso tek ansvar for ureininga på delarav området, men ikkje for alt der det er ureining. Vi har dialog omsaka, og håper på ei avklaring før ferien, også når det gjeldhandelen med dei som har skrive intensjonsavtale om kjøp av tomta,sa Silseth.