Det syner ein statusrapport om folkehelsa.

– Men rapporten syner også at ein i Ørsta har dei same utfordringane som landet elles: born og unge som slit psykisk, seier folkehelsekoordinator Ingvild Endal.

Ut frå kartleggingane har ein følgjande hovudutfordringar i Ørsta: Fleire born og unge har psykiske belastningar i form av at dei uroar seg, føler håpløyse, er stive, spente og uroa over ting.

– Det er også ei utfordring at forventningane i befolkninga til kommunal tenesteyting er større enn det kommunen har ressursar til å gje. Endring i befolkningssamansetjing og sjukdomsbildet krev å finne ein god balanse mellom tradisjonell kommunal tenesteyting og tilrettelegging for å vareta eiga helse, seier Endal.

Det er også ei stor utfordring å integrere innflyttarar, innvandrarar, låginntektsfamiliar og andre vanskelegstilte grupper.

Rapporten konkluderer ikkje med prioriterte tiltak, men løftar fram kva som bør ha fokus framover: Tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats for å jamne ut sosial ulikskapar i helse, og tverrfagleg samarbeid for å fremje psykisk helse og å førebyggje mobbing og rus.

Frivillig

– Det bør også satsast på å styrkje foreldre- og føresetterolla, og å styrkje samarbeidet med frivillig sektor, aktiv aldring (fysisk, psykisk, sosialt og

åndeleg), og å fremje helse gjennom frisklivstenking, meistringsstrategiar og kvardagsrehabilitering, meiner folkehelsekoordinatoren.

Det er Folkehelselova som pålegg kommunane å ha ei skriftleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar. Oversikta skal omfatte opplysningar om, og vurdering av, befolkningssamansetjing, oppvekst- og levekårsforhold, miljø, skadar og ulykker, helserelatert åtferd og helsetilstand. Vidare skal oversikta innehalde faglege vurderingar av årsaksforhold og konsekvensar og identifisere ressursar og folkehelseutfordringar i kommunen. Rapporten vert politisk handsdama.