– VI har lagt inn eit bod, og det er akseptert. Men alt er ikkje på plass enno, så eg kan ikkje seie noko om prisen, seier Einar Holsvik til Møre-Nytt.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre skal som kjent flytte lenger ned i Vikegata, til Ørsta Torg. Dette vil skje før Holsvik-brørne tek over huset 15. august.

Bankbygningen var ei stund aktuell som nytt legesenter, men slik vart det ikkje.

– Vi satsar på å lage det fint til rundt huset, og bidra til å gjere sentrum litt penare. Det kan også vere at vi vil pusse opp fasaden, seier Holsvik.

Førebels held han korta tett til brystet når det gjeld kva huset skal brukast til, men det vil bli leigd ut.

– Vi har interessentar, det kjem til å kome bedriftsleigetakarar inn i huset, seier han.

Einar Holsvik
Torstein Holsvik