Og det er ein original og tiltalande måte eigaren av det gamle Ørsta Fisk-bygget i Ørsta sentrum tek ansvar for eit finare sentrum: i alle dei romslege glasa på gateplan i murbygget heng det no svart-kvitt-bilete frå tida med fiskebutikk og aktiviteten rundt dette. Eit tilbakeblikk, som Bjørn Hovde og Co har kalla biletmontasjen.

– Vi skal rive dette bygget og setje opp eit nytt bygg når den nye reguleringsplanen ligg føre og vi har utvikla planane for denne tomta. Likevel tek vi no utfordringa med å vere med og gjere det finare i sentrum. Vi er no også i ferd med å få måla bygget, også på sjøsida. På denne måten kan bygget stå fram på ein tiltalande måte fram til noko anna kjem på tomta, seier grunneigar Roar Eiken.

– Fantastisk

Han karakteriserer det som har skjedd i Ørsta sentrum siste vekene, der dugnadsiveren veks og veks, som fantastisk.

– Eg oppmodar andre grunneigarar om å vurdere om dei kan vere med og gje bygga sine eit lyft slik at sentrum kan stå fram så flott som råd. Prosjektet med musikkpaviljongen er verkeleg eit godt tiltak. 17. mai stod paviljongen i Laguneparken fram som svært flott og tiltalande, synest Eiken.

Held fram

Sentrumsdugnaden skal halde fram, og det ei von å få gjort noko m.a. med Kunsthuset og Kaihuset framover. Foreininga Ørsta Sentrum, som koordinerer dugnaden, oppmodar alle som kan om å ta i eit tak.

– Mykje er fint, men her er framleis mykje som bør takasat tak i og fornyast, seier Ørsta Sentrum.

På Facebook seier Geir Høydalsvik, styremedlem i Ørsta Sentrum dette:

– Ørstingen kan når han vil. Alle har vi gått og sett på forslumminga i Ørsta sentrum - og nærast blitt blinde. No tek Ørsta Sentrum tak og organiserer dugnad. Då er det berre for den jamne mann og kvinne å henge seg på og delta anten med arbeidskraft eller med gåver. Ein liten innsats frå mange hender, og vi får utretta store ting, seier Høydalsvik.