–  Ørjan Burøe er ein driven komikar og kanskje den einaste som lovar kunden pengane tilbake om dei ikkje er fornøgde. Som han sjølv seier: «Om dere ikke ler innen étt minutt er det noe galt!», skriv Ørsta kulturhus i ei pressemelding.

Med seg til Ørsta har han Cecilie Steinmann Neess.

– Ho er eigaren av norsk standup sin mest aktive ansiktsmimikk, og truleg også mest energiske kroppsspråk.

Henrik Thodesen, skodespelar, programleiar og komikar, som fekk sitt store gjennombrot med TV2-serien Torsdag Kveld fra Nydalen i 2009.

– Saman set denne gjengen opp Latter Live On Tour i Ørsta!. Dette er norsk klubb-standup på sitt aller beste! Billettsalet har tatt heilt av, det er heilt tydeleg at folk her i området likar ein god littar, skriv kulturhuset.