– Utstillinga opnar tysdag ved biblioteket på Høgskulen i Volda, og vert hengjande ut veka. Gjennom studiet har vi hatt fire forskjellige oppgåver. Vi er alle ulike, og gjennom oppgåvene er det ulike tema vi har valt å belyse og sette fokus på, seier Tonje Sætre Indrearne som er ein av studentane på Photo documentary.

Oppgåver

Dei fire ulike oppgåvene som studentane har hatt er ansikt fortel ei historie, hjelpe andre, kjensle av stad og stor event.

– Det er opp til oss sjølve kva vi ynskjer å dokumentere og fortelje. Vi skal fortelje ei historie med bileta og få fram ein bodskap. I utstillinga er spekteret frå krigsramma til eldreomsorg i Noreg.

Studentane har fått tildelt like stor plass i utstillinga og dei har valt ut bilete sjølv, i tillegg til å ha ei juryering.

Verdskjent fotograf

Photo documentary vert undervist av Dr Stuart Franklin frå det verdsberømte fotobryået Magnum. I 1989 var han i Beijing på Den himmelske fredsplass under dei omfattande studentdemonstrasjonane. Demonstrantane vart slått ned av militære styrkar, og Franklin tok det ikoniske bilete mannen som stilte framfor stridsvognene til militæret og nekta å flytte seg. No ser han fram til å heidre studentane gjennom fotoutstillinga.

– Denne utstillinga er den første av sitt slag i Volda, og viser arbeidet til studentane som er ein del av den første masterutdanninga i fotodokumentar i Noreg. Eit hovudmål med dette studiet er å utvikle ei brei og klar forståing av visuell historieforteljing, basert på arbeid med narrativ i teori og praksis.

Franklin har von om at dette vert den første av mange slike utstillingar i framtida, og han er stolt over å kunne vise fram studentane sin dedikasjon til dokumentarfotoet og individuelle prestasjonar.

– Studentane lærer korleis dei kritisk analyserer eit dokumentarisk bilete både innan eit historisk og teoretisk rammeverk.

Utstillinga er open for alle som vil sjå.