Ordførar Rune Hovde og gruppeleiar Per Are Sørheim, Ørsta Høgre sine toppkandidatar til kommunevalet, brukar omgrepet «pakkar» når dei no presenterer Høgre sine satsingsområde for dei neste fire åra. Og det handlar om ein omsorgspakke, ein skulepakke, og ein utviklingspakke.

Skule

Høgre si skulesatsing er nyhende til folket: Ørsta Høgre vil at det kvart år skal nyttast 10–15 millionar kroner til rehabilitering/investeringar av skulebygg og uteområda.

– Vi har fleire skulebygg treng ei kraftig rehabilitering og vi har skular som har eit stort behov for å utvide kapasiteten sin, seier Hovde og Sørheim. Dei vil også styrkje driftsbudsjettet i skulen slik at det ligg nærare snittet i samanliknande kommunar, det vil seie ein auke på om lag 5 millionar kroner per år.

– Det må også satsast på læraren ved å leggje til rette for auka kompetanseheving. Vi skal ha tydlegare mål for læring og utvikling av Ørsta-skulen, og vi skal styrkje satsinga på fysisk aktivitet i skulen. Då treng vi gode leikeområde og betre hallkapasitet.

– Vi skal også arbeide for å bevare Ørsta vidaregåande, og då må vi vise handling når det gjeld å satse på ein ny skule på Mosflata.

Utvikling

Når dei går over til utviklingspakken, gjer dei det klinkande klart at fleirbrukshallen skal kome raskt.

– Vi skal på Mosflata ha ein hall der barn, unge og vaksne kan samlast og der det er høg aktivitet både i skuletida, på kveld og i helgar. Ørsta vil då verte ein stad der det kan gjennomførast mange og store arrangement. Vi skal også leggje ein plan for opprusting av kulturhuset. Vi treng ei storstove for kulturaktivitetar, og i Ørsta treng vi i all hovudsak «berre» å halde ved like det kulturhuset som vi alt har, meiner Hovde og Sørheim.

Dei har også tankar om sentrum.

– Ved å fjerne sjølinetraseen gjennom sentrum, ny kommunedelplan og Europanprosessen, så har vi lagt til rette for å kunne utvikle Ørsta sentrum. Vi treng å «skape» eit sentrum som spelar på lag med dei flotte naturgjevne omgjevnadene våre, og samstundes få fram dei sterke sentrumskvalitetane som er her. I ny reguleringsplan for sentrum må vi leggje til rette for å styrkje Ørsta som det leiande handelssentrum på Søre Sunnmøre, meiner Høgre-kandidatane.

Dei ivrar også for eit styrka turvegnett i og rundt sentrum.

– Å leggje forholda godt til rette slik at alle lett kan nytte den flotte naturen rundt oss, gir både livskvalitet og helsegevinst. Vi må også leggje til rette for fleire bustader og tomter. Og vi ønskjer at det skal vere enklare å få dispensasjonar på byggjesøknadar utanfor sentrum.

Synspunkta i omsorgspakken er rimeleg kjende der Hovde og Sørheim ivrar for ein auke i talet på kortidsplassar på Ørstaheimen og bygging av eit dagsenter for demente der, i tillegg til å byggje omsorgsbustader i tilknyting til nytt legesenter på Bakk-Ola-marka.

– Det er ikkje lite pengar de vil bruke dei fire neste åra?

– I investeringsbudsjettet er det rom for å bruke 200 mill i komande periode. Vi må skilje mellom investeringar og drift. I driftsbudsjettet er det rom for ei viss auke, men det vil framleis vere behov for stram økonomistyring og naudsynt prioritering.

Hovde og Sørheim meiner det er Høgre som tok ansvaret for å rydde opp i det økonomiske kaoset.

– Det arva vi då vi tok over ordførarklubba i 2011. Det har sjølvsagt ikkje kome av seg sjølv. Det har vore tøffe prosessar både politisk og administrativt, men vi har sett klare krav til økonomistyring og økonomisk rapportering frå administrasjonen. Vi har fokusert sterkt på bruken av Kostra-statistikk, som viser ressursbruken på ulike forvaltningsområde og samanlikna den med nivået til andre kommunar. Då det ikkje var politisk vilje frå noko partigrupper til større kutt i budsjetta, så måtte vi gå til det steg å auka inntektssida vår med ein eigedomsskatt på 2,6 promille. Den senka vi til 2,0 promille i 2015, seier politikarane.