HVO har i dei siste åra vore heilt i toppen når det gjeld tildeling og bruk av Erasmus tilsettestipend. Berre Høgskolen i Oslo og Akershus har hatt like mange stipend., melder nettsida til Høgskulen i Volda.

I skuleåret 2013/14 fekk 74 tilsette ved HVO sjansen til å vitje eit utanlandsk partnaruniversitet, og tildelinga frå Erasmus var på nesten 500.000 kroner. I inneverande skuleår ser HVO ut til å bruke 55 tilsettestipend og har med det fått 330.000 kroner. Det vil seie at høgskulen i løpet av to år har motteke over 800.000 kroner for å finansiere inn- og utreisande tilsetteutveksling under Erasmus.

Dette kom fram under det siste møtet i Internasjonalt utval ved HVO, som vart halde på Sæbø.

– Utveksling av tilsette er veldig viktig for internasjonaliseringsarbeidet. Det høge aktivitetsnivået er utruleg positivt, og vi kan i enda større grad verte flinkare til å nytte oss av det, seier leiar for Internasjonalt kontor ved HVO, Arne Humberset.