Møre-Nytt vil markere Friluftlivsåret 2015 på nettsida gjennom ein serie med videoar. Her inviterer Møre-Nytt folk med seg til deira favorittstad ute i naturen.

Fyrst ut er formannskaps- og kommunestyremedlem Gunnar Knutsen.

Han tok med Møre-Nytt på ein morgontur i Daleteigane. Det er eit sentrumsnært friluftsområde ved Askjellhaugen gravplass. Her er joggarar, syklistar og gåande om sommaren, og om vinteren, viss det er snø, er det skifolket som dominerer i fine løyper.

– Her vert gjort mykje flott dugnadsarbeid for å halde sti- og løypenettet ved like, fortel Knutsen.

Han har gjort det til ein vane å ta ein morgontur i dette flate og fine terrenget.

– Eg likar å jogge, og sjølv om det kanskje går saktare å jogge ute i terrenget enn på asfalt, er det mykje betre for beina. Og eg får brukt mykje meir av kroppen fordi eg må konsentrere meg om balansen mellom anna, fortel Knutsen.