Det kjem fram i ein inspeksjonsrapport frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen har halde ein inspeksjon på anlegget til verksemda. Retura driv i den konkurranseutsette delen av bosinnsamlinga, og leiger lokale og område på Miljøstasjonen i Hovdebygda.

Retaura Søre Sunnmøre AS har løyve til sortering og omlasting innanfor ei ramme på 5.500 tonn. Inspeksjonen avdekte at verksemda tek i mot 8.000 tonn avfall per år.

Vidare vart det i inspeksjonen avdekt at Retura Søre Sunnmøre ikkje har løyve til å ta i mot farleg avfall, men har teke i mot farleg avfall under løyvet som er gjeve til Volda og Ørsta reinhaldsverk. Fylkesmannen gjer det klart at Retura må ha eit eige løyve for å ta i mot farleg avfall frå sine kundar.

Retura har meldt tilbake at det vil verte sendt naudsynte søknader for å stette dei krava som vert sette.

Fylkesmannen gjev elles verksemda ros for å ha eit ryddig anlegg, og at det ikkje var store mengder avfall på området.