Det seier Geir Hole, leiar i Ørsta Bondelag, etter at staten og Norges Bondelag kom til semje om ein jordbruksavtale før helga.

Avtalen er på 400 millionar kroner, som er 310 millionar over det første tilbodet til staten.

– Eg rekna litt på konsekvensane for min gard. Med det første tilbodet ville eg kome ut med 5.000 kr i minus per årsverk, medan eg no går 5.000 kr i pluss. Så forhandlingane hadde mykje å seie, seier Hole.

Ein del av auken skal kome gjennom prisauke hos Nortura og Tine.

– Staten kunne godt teke på seg meir av utgiftene, og ikkje lempa det over på forbrukarane.

Problematiske argument

Sjølv om han er greit nøgd med avtalen, meiner Hole det er fleire problematisk ting ved regjeringa sin politikk.

– Dei seier mellom anna at investeringslysta i jordbruket er større med Frp i regjering. Det dei ikkje tek med i vurderinga då, er at bønder tenker langsiktig, og at investeringar er planlagde lenge før dei blir gjort. Eg har sjølv gjort investeringar i det siste. Dei vart planlagde i 2012, fullført i 2014. Eg trur ikkje det er samanheng mellom investeringslysta og kven som sit i regjeringa, seier Hole.

– Bøndene ordnar opp i dei fleste problem sjølve. Sjå berre på overskotet av svinekjøt som var for eit par år sidan. Det var bøndene som tok grep og fekk tilbake marknadsbalansen og optimismen i næringa. Det skjedde heilt uavhengig av kven som sat i regjering, legg han til.

Han er også skuffa over at landbruksminister Sylvi Listhaug held fast på at dei som produserer mest, skal få mest.

– Det gjer det vanskeleg for dei mange som har tungdrivne gardar på Vestlandet, og ikkje dei same naturføresetnadane som på Austlandet. Eg synest også det er synd at regjeringa ikkje ser andre verdiar i landbruket enn størst mogleg

produksjon. Tenk berre  på Hjørundfjorden, der bøndene held ved like kulturlandskapet, som gir grunnnlag for turisme, seier Hole.