– Eg har fått tre telefonar i helga frå pelsdyroppdrettarar som har meldt seg ut av laget, seier Knut Hustad, leiar i Hjørundfjord Bondelag.

I landbruksavtalen godtek Norges Bondelag at fraktutjamningstilskotet til pelsdyroppdrettarar blir fjerna. I gjennomsnitt utgjer dette om lag 60.000 kroner i året per oppdrettar.

– Eg er skuffa over at Bondelaget ikkje er meir solidariske overfor pelsdyrnæringa. Her har vi invitert desse inn i organisasjonen, og så kjempar dei ikkje meir for dei i forhandlingane. Det synest eg er usolidarisk. For å trekke ein parallell: Tenk viss LO hadde sagt at dei som jobbar i miljøfiendtlege gruver på Svalbard ikkje fekk vere medlemer? seier Hustad.

Geir Hole, leiar i Ørsta Bondelag, er også skuffa over resultatet.

– Det overraska meg at Bondelaget gjekk med på dette.

Knut Hustad meiner bondelaget let seg herse med.

– Det er ein splitt og hersk-taktikk, som bondelaget ikkje burde godteke, seier han.

Les meir om landbruksoppgjeret i Møre-Nytt tysdag.