– Vi er framleis i ein tidleg fase, men det er rett at vi vurderer å etablere oss i Ørsta, seier Øyvind Berge, dagleg leiar i Berge & Co, til Møre-Nytt.

Den familieeigde bedrifta har i dag fem avdelingar i Sogn og Fjordane (i Stryn, Måløy, Førde, Sogndal og Florø), og forhandlar bilmerka Volkswagen, Audi og Skoda. Konsernet omsette for 350 millionar kroner i 2013.

Første utanfor heimfylket

Om Berge & Co etablerer seg i Ørsta, vil det vere den første avdelinga utanfor Sogn og Fjordane.

– Det vil vere ein milepåle for oss. Men vi sel allereie ein del bilar til Sunnmøre gjennom avdelinga vår i Stryn, seier Berge.

Etter at Sandven kjøpte opp AS Autoservice i Ørsta i 2013, avslutta Autoservice samarbeidet med Møller, som importerer Audi og VW. Etter dette har det ikkje vore nybilforhandlar av desse merka på Søre Sunnmøre. Sandven Ørsta har likevel merkeverkstad for begge bilmerka.

– Møller har gitt beskjed om at dei ønskjer eit salspunkt i regionen, og at dei vil at vi skal drive det. No driv vi med renovering av tre avdelingar, og vil fullføre dette før vi tek ei avgjerd. Men i løpet av sommaren eller tidleg i haust reknar eg med vi bestemmer oss. Om det blir eit ja, kan etableringa kome raskt, seier Berge.

Etter brotet med importøren, satsar Sandven Ørsta på bruktimporterte Volkswagen og Audi. Det er ikkje noko hindring for Berge & Co.

– Nei, vi vil eventuelt ha det same forholdet til dei som til dei som forhandlar andre merke. Vi er ikkje inne på brukt-import-marknaden. Vi sel primært nybilar, og så omset vi bruktbilane som vi tek inn.

Vil til Hovdebygda

Berge har vurdert fleire lokaliseringar av forretninga, mellom anna i Ulsteinvik. Dei har likevel konkludert med at Hovdebygda er den beste staden.

– Og de ser ein marknad for desse merka på Søre Sunnmøre?

– Ja, det vil eg seie. Merka står sterkt der oppe, og vi har attraktive produkt. I Ørsta vil det primært vere snakk om ein Volkswagen-forhandlar, men dei andre merka vil truleg også vere tilgjengelege.