Formannskapet vedtok tysdag ei fråsegn der Ørsta kommunestyre krev at regjering/storting tek omsyn til småskalalandbruket i Noreg.

– Skal småskalalandbruket ivaretakast, må dette også sjåast i samanheng med reiselivsbasert næring, heiter det i fråsegna til formannskapet.

Fråsegna vart vedteken etter eit initiativ frå Framstegspartiet i kommunestyret, og der formannskapet vart gjevne ei fullmakt til å kome med ei fråsegn på vegner av kommunen.

Formannskapet seier at Ørsta kommune er i ein heilt unik posisjon.

– Og der småskalalandbruk og reiseliv må ivaretakast/stimulerast dersom reiselivsbaserte tilbod skal kunne utviklast vidare. «Hjørundfjorden rundt»-råsa er her heilt spesiell, og kommunestyret peikar såleis på at det er i nasjonal interesse at småskalajordbruket må stimulerast og ivaretakast med hjelp av tilskotsbaserte stimuleringar også i framtida, heiter det i fråsegna.

Formannskapet insisterer på at det i denne landsdelen ikkje kan rasjonaliserast til store einingar og store driftsformer på kostnad av vårt småskalalandbruk.

– Ørsta kommune peikar vidare på at eksisterande kvotar må halde fram med å vere innafor denne regionen/fylket.

– Å opne for sal av kvotar ifrå fylket vårt vil svekkje jordbruket si rolle, heiter det frå formannskapet.