– Sven har ikkje dekning på nett og telefon, men alt er ok med han, stadfesta Frøydis Garmo Hovden til Møre-Nytt tysdag føremiddag. Ho er leiar for næringslivsavdelinga i Norges Blindeforbund.

Sven Castberg frå Ørsta landa i Katmandu natt til tysdag, norsk tid. Tysdag morgon vart landet råka av eit nytt jordskjelv, 17 dagar etter at landet vart råka av eit katastrofalt skjelv, der fleire tusen menneske omkom.

– Alt ok, men ei temmeleg guffen oppleving, skriv Castberg i ei tekstmelding til Møre-Nytt tysdag ettermiddag.

Norges Røde Kors melder om fleire skadde og omkomne etter det siste skjelvet, som målte 7,3 på Richters skala. Skjelvet i april målte 7,8 på skalaen.

Castberg er i Nepal på oppdrag frå Norges Blindeforbund, og reiste til landet for å undersøke situasjonen etter det førre jordskjelvet. Norges Blindeforbund driv produksjon av fleire produkt i Nepal, som dei sel til inntekt for arbeidet sitt for blinde og svaksynte rundt om i verda.