– Dugnadsånda på Urke er ei stor styrke for dette prosjektet.

Tone Petra Rønning og Bente Iren Åmbakk sit i prosjektgruppa for utbetring av råsa til fjellet Saksa. Med sine 1.073 høgdemeter er Saksa i Hjørundfjorden eit turmål som dei meiner fleire bør få sjansen til å teste ut.

– Slik det er i dag er det svært vanskeleg å finne råsa opp. Vi veit om folk som har prøvd seg på turen, men som har snudd fordi dei har gått seg vekk. Det er faktisk 15 år sidan sist råsa vart rydda. Det er på tide å leite ho fram att.

Sherpa

No har prosjektgruppa, som i tillegg til dei to, har med seg Jens Arve Forgord, Kåre Jon Berg og Kjetil Leknes, sett i gang ei kronerulling for turvegen til Saksa.

– Mykje av arbeidet skal verte gjort på dugnad, men om lag 400 meter frå toppen av Saksa er der ei litt utriveleg steinur, fortel Bente Iren.

Dei har difor leigd inn fire sherpaer frå Nepal, som vil ta arbeidet med å lage ein betre veg gjennom ura.

– Dei er ekspertar på dette, og har meldt sin ankomst i slutten av juli, fortel Bente Iren.

Sherpaane har mellom anna vore med å lage til vegen opp til Skåla i Olden.

– Dei bruker handmakt og spett og nyttar seg av steinane som alt ligg der, for å lage vegen tryggare enn det den er i dag.

Planane elles er å rydde råsa frå Leknes og opp til Leknesdalen, og lage ei ny rås frå Urke og opp til Leknesdalen. Der vil dei setje opp ein gapahuk. Vidare går råsa opp mot Saksa.

– Dugnad er vi gode på. Mykje skal vi ordne sjølve, men ting kostar også pengar, så vi håper at mange ser verdien av å få på plass dette.

Det er Bente Iren Åmbakk som er initiativtakar til prosjektet. Ho har tenkt ofte, på sine turar opp til Saksa, at råsa har behov for ei skikkeleg oppgradering og merking.

– Og folk er så utruleg positive! Dugnadsånda er sterk på Urke. Folk vert glade for alle idear som kan ta Urke eit steg vidare. Dette er med på å skape ei god haldning og eit godt forhold til prosjektet. Alle vil bidra der dei kan, særleg med mat til dugnadsfolket, ler dei.