Organisasjonen sysselset rundt 100 personar i landet.

Sven Castberg viser fram kasjmirskjerf, smykke og skinnlommebøker. Alt produsert av nepalske hender gjennom Norges Blindeforbund sitt iCare-prosjekt. Produkta blir produsert i Nepal, og selt til inntekt for blindeforbundet sitt internasjonale arbeid.

Arbeid til 100 personar

– Vi sysselset vel rundt 100 personar i og rundt Katmandu, både gjennom hovudleverandørar og underleverandørar, seier Sven Castberg, som er ansvarleg for iCare-prosjektet.

Blindeforbundet har inngått samarbeid med ei rekkje fleire norske designarar og med produsentar i Nepal.

– Det har vore eit vellykka prosjekt, som gir arbeid til mange i Nepal og inntekter som blir brukt til augeoperasjonar for fattige rundt om i verda, seier Castberg.

Vil kome i gang att

25. april vart store delar av landet lagt i ruinar av eit kraftig jordskjelv. Til helga reiser Castberg til Katmandu for å sjå på forholda.

– Vi har rimeleg god kontroll på hovudleverandørane våre. Dei held til i fabrikkbygningar som toler eit skjelv. Men mange av underleverandørane har vi ikkje fått kontakt med. Dette er gjerne folk som har ei lita systove, og driv med heimeproduksjon. Vi håper det har gått bra med dei, men vi veit ikkje, seier Castberg.

Det er viktig for produsentane å kome i gang att med produksjonen.

– Dei har ein vanvettig evne til å reise seg etter slike hendingar. For nepalesarane handlar det om å få bygd opp igjen det som har rast og kome i gang att med livet så raskt som mogleg.

Infrastrukturen i Nepal gjorde logistikken vanskeleg også før jordskjelvet, og no er situasjonen mykje meir utfordrande.

– Den første tida må naudhjelpa og dei store hjelpeorganisasjonane få prioritet. Rapportane tyder på ganske kaotiske tilstandar på flyplassen i Katmandu. Men vi håper å kome i gang slik at vi får varer til Noreg i september eller der omkring, seier Castberg.