- Er det meg? Det må eg seie. Dette var litt av ei overrasking, sa ein Volda-mann til Norsk Tipping onsdag kveld. Då hadde han akkurat fått vite at han hadde vunne 37.595.075 kroner i Viking-Lotto.

Mannen er trebarnsfar, og ynskjer å vere anonym. Han fortel at noko av pengane vil verte gjevne til borna.

- Men dei kjem nok ikkje til å tru meg når eg fortel dette, seier han. Mannen fortel til Norsk Tipping at han framleis vil ha beina godt planta på jorda - sjølv med ny status som mangemillionær.

Då tala vart trekt ut kom 19, 24, 34, 36 og 46. Heilt til slutt kom  talet 16, som også var kveldens lykketal. Ein heldig mann frå Volda kommune hadde seks rette, og tok då heile potten som låg i fyrstepremien, 37,5 millionar kroner.

Då Norsk Tipping ringde, hadde mannen ikkje sjekka kupongen sin. Det gjekk opp for han at han var mangemillionær då tala vart lest opp for han.