I møtet gjekk leiarar ved høgskulane gjennom kvalitetsindikatorane i sektorane og dei ulike høgskulanes produksjon i høve til dette, melder Høgskulen i Volda på nettstaden sin.

Alliansen kjem i stand som eit svar på kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sitt ønske om å slå saman institusjonar innan høgare utdanning i Noreg. Tidlegare i år vart det klart at Høgskolen i Ålesund blir slått saman med NTNU.

– Møtet konkluderte med at institusjonane gjennom ein allianse kan beholde ei sterk regional rolle samtidig som dei kan møte utfordringar som krev stordrift på ein meir effektiv måte enn i dag. Dette gjeld særleg styrking av EU-forsking, studentutveksling, pedagogisk utdanning og ph.d.-utdanningane.

Partane tek sikte på å konkretisere innhaldet i alliansen til hausten når nye styre og rektorar er på plass.