For mange er Nelly Urke synonymt med Urke Landhandel.

– Fer ned til ne Nelly, seier vi gjerne. No må vi finne noko anna å seie, humrar Solveig Grandahl, i det ho sikrar seg sin siste handel med Nelly Urke bak kassa.

Bygdebutikk

Foreldra til Nelly starta butikken i noverande lokale i 1948. I etasjen over budde familien, så Nelly er så godt som oppvaksen der. Då foreldra ville legge ned, ønskte ikkje Nelly å drive butikken aleine, så bygda tok over og danna eit AS. Det er såleis ein bygdebutikk i ordets sterkaste meining. Dei siste 25 åra har det vore Nelly som har sete ved roret, og landhandelen representerer eit viktig treffpunkt for dei 45 fastbuande.

– Eigentleg er det utruleg at det går rundt med eit såpass tynt kundegrunnlag. Men det har ikkje vore vanskeleg. Dei som styrer seier at det ikkje skal gå, men vi klarer det. Det gjeld å drive nøkternt, seier Nelly.

I tillegg til Urke er landhandelen også nærbutikk for folket på Øye. Til saman rundt 80 menneske.

– Det er somrane som held hjula i gang. Då kjem hyttefolket og turistane. Folk er flinke til å bruke oss, og det må dei vere, viss ikkje kan her ikkje vere ein butikk.

Dei siste par åra har det vore raude tal for butikken, men også dette har dei klart å snu ved å ruste opp campingen og satse på turistane. Overskotet frå campingdrifta går rett inn til landhandelen.

Kake

Og no gir Nelly seg på topp.

– Det er ingen sorgas dag. Vi feirar med kake! Eg gler meg til å få meir fritid og til å disponere tida mi på ein ny måte. Å drive butikk er tidkrevjande.

Og to av grunnane til at Nelly går med lett hjarte, heiter Dorit og Trine. Dorit Rønning har vorte eit like kjent fjes på landhandelen som det Nelly er, og no har også Trine Bjørke takka ja til å jobbe der.

– Det er flott! Og veldig kjekt, seier Nelly.

– For det er ikkje berre enkelt å få folk til å ta jobbar på små stader.

Trine Bjørke jobbar på Hotel Union Øye, og er busett på Øye.

– Eg vil jo at butikken skal leve vidare, så eg gler meg til å ta i eit tak her. Og håper at kundane vil strøyme til, seier ho.

– Dette er ein viktig samlingsstad for bygdefolket. Det er sjela til bygda. Utan landhandelen hadde ikkje bygda vore det same, vurderer dei tre landhandlerinnene.

Takk: Dorit Rønning (t.v.) var på plass med blomster frå grendelaget til Nelly Urke, som takk for innsatsen. No står Trine Bjørke klar til å gjere ein innsats for landhandelen. Ho deler jobben med Dorit Rønning.