Både 1. og 2. teljing gav rekordresultat. Første teljing 18. april gav som resultat 1.234 dyr, 2. teljing 2. mai var talet nesten like høgt, 1.072 dyr. I snitt vert det 1.153 dyr. Dette er nesten 200 dyr meir enn siste rekord frå 2010 som viste 960 dyr i snitt.

– Eit gjennomgåande trekk er svært mykje dyr inne i fjordane, svært lite dyr på Berkneshalvøya, Mork, Vikebygda, opplyser Viltansvarleg Roger Nedreklepp i Volda.

Å tolke teljeresultat er ein krevjande vitskap – kor mange dyr kan ein telje av stamma som er i terrenget veit ein aldri eksakt.

– Elles varierer tilhøva frå år til år med snø i høgda, kor langt groren er komen på innmarka, spreiing av husdyrgjødsel m.m. på teljedatoane. Ein vil tru at hjortestamma er rimeleg stabil, teljeresultat frå år til år varierer nok meir enn det reelle dyretalet i terrenget. Teljing og felling viser nok dette best.

I 2012 var det svært høg teljing, men svært dårleg felling, sett i høve til åra før.

– Det vert spennande å sjå kva felling ein får i Volda til hausten.

Tidleg teljing av hjort på våren gjev likevel ein god indikasjon på kva dyr ein har.