I januar og februar i år gjennomførte mannen fleire tjuveri i Stryn, Hornindal og på Vartdal. Totalt var mannen tiltalt på ti punkt for tjuveri. I retten forklarte mannen at han kom til Noreg for å skaffe pengar, ettersom kjærasten hans var blitt gravid. Det var vanskeleg å få arbeid som bygningsarbeidar i januar, og han reiste vestover med sikte på å skaffe pengar gjennom tjuveri. Han forklarte at det er ei kjent sak i Litauen at dette er ein lett måte å skaffe seg pengar på.

I dommen vert det understreka at politiet har gjort eit framifrå etterforskingsarbeid i denne saka, både med omsyn til tempo og kvalitet. Det meste mannen har stole har kome tilbake til eigarane. Retten peikar på at mannen har stole verdiar for mellom 300.000 kroner og 500.000 kroner.

I Fjordane tingrett vart mannen dømt for fem grove tjuveri, to simple tjuveri, to forsøk på grove tjuveri og eit forsøk på simpelt tjuveri. Han må sone 2 år og 8 månader i fengsel, og får eit frådrag på 88 dagar for varetekt. Mannen må betale erstatning til tre personar, og får inndrege ein Volkswagen Golf stasjonsvogn.