Kommunegartnar Olav Saure står på toppen av Laguneparken, bokstavleg tala. Oppe på taket på musikkpaviljongen er han i full gang med å fjerne spiker. Asfaltdekket har dei fjerna, og no legg dei til rette for å få lagt nytt tak.

- Vi leiger inn eit firma til det, slik at vi får det skikkeleg gjort, seier Saure.

Dugnad

Det kan sjå ut til at dugnadsånda er i ferd med å få eit solid fotfeste i sentrum. I utgangspunktet ville kommunen berre spyle taket på paviljongen, men så varsla nystifta Ørsta Sentrum at dei ønskjer å bidra med litt arbeidskraft.

Onsdag stiller dei med penslar og pågangsmot for å måle taket inne i paviljongen, og kantane under taket.

Og då bestemte også kommunen seg for å gjere arbeidet skikkeleg, når dei først var i gong.

- Paviljongen har hamna litt mellom to stolar i kommunen, mellom eigedomsseksjonen og parketaten. I og med at det er parketaten som held Laguneparken ved like, så er det vel naturleg at vi tek ansvar for paviljongen også, konkluderer Saure.

Auga opp for sentrum

Tysdag hadde parketaten hjelp frå uteseksjonen for å få orden på utescena.

Han er glad for at folk er i ferd med å få auga opp for sentrum.

- Vi prøver alltid å vere aktive med å rydde og ordne i sentrum, og synest det er kjekt når folk ser at ting vert gjort. Og så er det også fint at folk legg merke til det som ikkje er så bra, seier han, og legg til at han er glad for at Lars Oscar Fossen stod fram og sa i frå om tingenes tilstand.

- No er det musikkpaviljongen sin tur. Det har det vore lenge. Det kostar sjølvsagt, men det får det berre gjere. Vona er at når ting ser fint ut, så vert det meir brukt, og det vil forhåpentlegvis også verke førebyggjande mot hærverk, trur kommunegartnaren.