– Fv. 60 har tidlegare vore prioritert høgt av Sogn og Fjordane fylkeskommune, men i 2013 vart det bestemt frå Fylkestinget at arbeidet skulle nedprioriterast grunna omprioriteringar, skriv fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i Møre og Romsdal i ei utgreiing til Samferdsleutvalet.

Etter opninga av Kvivsvegen, har fylkesvegen mellom Grodås og Hellesylt har vorte eit viktig vegsamband mellom Indre og Søre Sunnmøre.

No er utbetring av vegen utsett på ubestemt tid frå Sogn og Fjordane si side.

– Med bakgrunn i den økonomiske situasjonen er ein usikker på når ei eventuell realisering av prosjektet kan kome.

I fjor haust tok Møre og Romsdal fylkeskommune initiativ til eit samarbeid med Sogn og Fjordane om reguleringsplanen for vegen. Statens vegvesen starta opp reguleringsarbeidet, men dette arbeidet vart avslutta då Sogn og Fjordane nedprioriterte vegen.

– Om reguleringsplanen skal ferdigstillast må det til ei ny løyving på 2,2 millionar kroner. Frå Sogn og Fjordane sin del er det ikkje aktuelt å ferdigstille reguleringsplanen når prosjektet ikkje er inne på investeringslista til fylkeskommunen, skriv Guttelvik.

Prosjektet var kostnadsrekna 236 millionar kroner i 2011.

Om Møre og Romsdal fylkeskommune skal halde fram prosjekteringa av vegen åleine, krev det eit politisk initiativ og friske pengeløyvingar.

Saka skal opp i Samferdsleutvalet tysdag.