Det er oppmodinga frå Karoline Ryslett Follestad (23). Ho er no heime i Ørsta etter at ho opplevde jordskjelvkatastrofen i Nepal sist laurdag.

Karoline er av dei heldige som er uskadd og kom seg vel heim. No tenkjer ho mest på dei som vart råka.

– Dei treng mat, vatn, kle og husly. Då eg reiste til flyplassen søndag kveld såg eg at hjelpemannskapa var på veg inn. Det var godt å sjå, fortel Karoline.

Jordskjelvet råkar

Det var like etter kl. 12 laurdag jordskjelvet råka Nepal og hovudstaden Katmandu. Det var fridag på skulen for Karoline, og ho og tre venninner hadde reist inn til bykjernen for sjå på ei tatoveringsmesse på eit hotell.

– Brått merka vi at straumen forsvann. Eg rakk å tenkje at det var merkeleg, for slike hotell har vanlegvis aggregat som koplar seg automatisk på når straumen går. Berre eit par sekund seinare merka vi skjelvet. Det fyrste eg tenkte var at vi måtte kome oss vekk frå der vi stod, for rett over oss var store lysekroner som kunne falle ned. På skulen hadde vi fått informasjon om kva vi skulle gjere ved jordskjelv.

– Det var å kome seg under ei døropning. Vi sprang mot ei dør for å stå der, men det vart panikk, og to av venninnene med vart dregne med ut. Eg og ei venninne til greidde å halde oss fast, og vi greidde også å få dei to andre mot oss, fortel Karoline.

Etterskjelv

Skjelvet gav seg, og Karoline og venninnene gjekk ut. Der såg dei skadane. I bygningen dei hadde vore i, var det ein stor sprekk, og det var sprekkar på gateplan.

Dei visste også at det kunne kome etterskjelv, og var klar over at dei stod på taket av ein parkeringskjellar. Der kunne det rase, og dei kom seg på tryggare grunn.

– Der var også tryggingsvakter som tok tak i situasjonen, og prøvde å organisere folk, fortel Karoline. Det kom i alle fall tre etterskjelv som Karoline og dei andre merka.

Karoline og dei andre studentane på Katmandu University, der Karoline har studert sidan 12. august, var godt informerte om jordskjelvfaren og kva dei skulle gjere.

Drop, cover and hold

– Katmandu vart råka av eit stort jordskjelv på 1930-talet, og det var frykta og venta eit nytt stort skjelv som dette. Vi hadde fått informasjon om kva vi skulle gjere viss jordskjelvet kom, og det var «drop, cover and hold». Vidare kvar vi skulle evakuere. Det var anten på campus eller på eit hotell i nærleiken av skulen. Vi valde å gå frå bykjernen til dette hotellet. Der hadde det allereie samla seg mykje folk. Vi samla det vi hadde av mat og vatn, og laga oss ein camp på tennisbana til hotellet. Der overnatta vi to netter, fortel Karoline.

Ho var også innom leilegheita si eit par gonger.

– Og det var fyrst då eg kom tilbake til leilegheita fyrste gong at eg kjende frykt. Fram til då hadde eg halde maska, og var vel den i venninnegjengen som tok seg av dei andre, fortel Karoline.

Leilegheita hennar var mest uskadd, og ho kunne hente viktige gjenstandar som pass, og få ladde mobiltelefonen m.a.

SMS heim

Då det fyrste jordskjelvet hadde gitt seg, var der mobiltelefondekning, og Karoline sende melding heim til Ørsta om at det hadde vore eit jordskjelv, og alt var vel.

– Då visste eg ikkje omfanget, og eg fekk også svar tilbake med OK og smilefjes. Men det gjekk ikkje mange minutta før vi forstod at dette var ein katastrofe, fortel Karoline.

Sjølv såg ho ikkje dei  store øydeleggingane og lidingane.

– Men det var ikkje noko eg kjende behov for å oppsøkje og sjå heller, seier Karoline.

Informasjonen undervegs var ikkje så god. Det var mange rykte. Karoline var heldig, for ei av venninnene hadde ein nederlandsk lærar som kjærast. Han var i Nederland, og han greidde å skaffe Karoline og to andre flybillettar til Dehli i India.

– Vi fekk booka billettar til tysdag morgon. Fordi vi visste det kunne vere kaotisk ved flyplassen, reiste vi til flyplassen måndag kveld og overnatta der. Sjølve flyet gjekk faktisk i rute, fortel Karoline.

Vel heime

Flyet gjekk til Dehli, og derifrå hadde familien i Ørsta ordna med billettar vidare til Ørsta via Moskva og Oslo. Onsdag ettermiddag kom Karoline heim.

– Det er godt å vere heime. Når slikt hender, får ein eit anna perspektiv på ting. Då jordskjelvet var over, var noko av det fyrste vi tenkte at vi ikkje visste om vi hadde noko att. Vi var berre glade for at vi hadde mat og ein stad å gå til, fortel Karoline.

Med jordskjelvet fekk ho avbrote studiet i Nepal, men det skulle uansett vere slutt 1. mai.

– Eg miste eksamen, men vi har fått informasjon om at karakter vert sett med dei oppgåvene vi tidlegare har levert, fortel Karoline. I Katmandu studerte ho buddhisme og nepali, språket i Nepal. Til sommaren er det tilbake til Trondheim, der ho studerer sosialantropologi.