– Det er veldig viktig å vere medmenneske, og passe på kvarandre i russetida, seier Sondre Langenes frå Volda Røde Kors. Saman med hjelpekorpskollega Stine Veie heldt han førstehjelpskurs for russen ved Volda vidaregåande skule onsdag.

Russen fekk kunnskap om kva dei bør gjere om dei sjølve eller medruss får til dømes kuttskadar, fallskadar elle blir medvitslause av alkoholforgifting. Dei fekk også øve seg i å legge folk i stabilt sideleie, i hjartekompresjonar og munn til munn-metoden.

Eigentleg 35 timar

Initativtakarane Olav Standal Tangen og Maria Fryd Vigdel Kolnes skulle likevel ønske at kurset kunne vorte halde i skuletida. Det gjekk ikkje. I staden vart kurset halde under studiedagen til russen.

– Vi tek sjølvkritikk på at vi var seint ute, men vi hadde likevel håpt på å få plass i skuletida, seier Standal Tangen.

Likevel møtte om lag 25 prosent av årets Volda-russ opp på kurset.

– Dette er eigentleg eit 35-timars kurs, så det er avgrensa kva vi kan vise på ein liten time, men vi håper det har ein verdi likevel, seier Stine Veie.

Åtte råd

Røde Kors har åtte råd til russen:

1. Pass godt på kvarandre.

2. Et godt med mat.

3. Kle deg godt.

4. Bruk bilbelte.

5. Ha førstehjelpsutstyr i nærleiken.

6. Ring 113 om du er usikker.

7. Sørg alltid for frie luftvegar.

8. Ha det gøy!

– Og hugs at om de møter oss i Røde Kors i russetida, så er vi der for å hjelpe, legg Sondre Langenes til.

Både Olav og Maria Fryd var godt nøgde med arrangementet.

– Det var ein veldig nyttig gjennomgang, men eg håper vi ikkje får bruk for det, seier Maria Fryd.

Rektor Trond Hjelseth var også på plass under kurset. Han lovar å få kurset inn i skuletida til neste år.

– I år var alle midt-timane oppbrukte då dette initiativet kom, men neste år skal vi rydde plass, seier han.