Magne Krumsvik er medlem av Ørsta Framstegsparti, og er kumulert på Frp si liste til kommunevalet. No når han er på veg inn i Ørsta-politikken, er han oppteken av at det vert ei meir positiv haldning i det politiske miljøet, at ein framsnakkar og er med på å lyfte kvarandre i større grad.

– Det skjer veldig mykje bra i Ørsta-politikken, men her er betringspotensial. Og hadde eg som fotballdommar skulle ha dømt politikarane, hadde eg nok delt ut nokre kort, seier Krumsvik med glimt i augo.

Folkestadbygdingen flytta til Ørsta for tre år sidan.

Godt inntrykk

– Eg har fått eit godt inntrykk av Ørsta kommune. Men etter å ha følgt med ei stund registrerer eg at det i mange politiske saker er sterk fokus på det negative, og at politikarane snakkar ned kvarandre. Dette er uheldig for Ørsta, og er ikkje med på å utvikle kommunen til de gode staden vi ønskjer han skal vere for alle.

Krumsvik viser til prosessane kring legesentersaka og fleirbrukshallen. I desse sakene meiner han det er brukt mykje unødig negativ skyts mellom enkelte politikarar.

– Alle må lære seg å takle nederlag på ein profesjonell måte, og at det vert vist respekt for vedtak som er fatta, utan at debattane skal rase i ettertid m.a. på Facebook. Ein del av FrP sin ideologi handlar om framsteg, og å skape utvikling. Ørsta kommune har hatt lite utvikling siste åra. Ein kan gjerne skulde på Robek, men dei folkevalde skal uansett vere med og utvikle Ørsta i positiv lei, forklarar Magne Krumsvik.

Han har sete i Levekårsutvalet i Ulstein kommune.

– Det er stor skilnad i haldninga mellom politikarar og administrasjon der og i Ørsta. I Ørsta er det ei større nei-haldning i administrasjonen til sakene. Og i utgangspunktet vert det sagt nei. I Ulstein er det motsett. Eg ønskjer at det skal vere slik også i Ørsta, og at ein skal ha ei positiv innstilling til alle som ønskjer å skape og utvikle noko i kommunen. Av og til må ein sjølvsagt seie nei til noko, men utgangspunktet bør vere slik at ein er innstilt på å gjere det veljarane ønskjer innanfor lovar og reglar.