Ørsta kommune ber Standal knuseverk AS kome med ein plan for korleis verksemda kan drive massetaket på Standal i lovlege former.

Fristen for dette er sett til 23. mai.

Kravet frå Ørsta kommune kjem etter at Standal knuseverk sjølv har meldt ifrå at drifta no ikkje er i samsvar med reguleringsplanen, og etter at naboane på Store-Standal også har sendt uromelding.

I reguleringsplanen er det m.a. krav om tilbakeføring av areal til landbruk etter at massane er tekne ut, og dette er ikkje gjennomført.

– Vi må forstå det slik at føretaket, i alle fall på kort sikt, ikkje er i stand til å stette dei krava som er i gjeldande reguleringsplan og driftsplan, kommenterer kommunen.

Kommunen minner om at reguleringsplanen er juridisk bindande.