Det seier ordførar Arild Iversen i Volda. Han var ein av dei som i formannskapet førre veke stemte ned Odd A. Folkestad (Ferjelista) sitt forslag om å vurdere å legge til rette for kulturen i bygginga av ein ny Voldahall.

– Ja, vi treng eit betre kulturanlegg. Samfunnshuset vårt er nedslite og i dårleg forfatning, men eg er skeptisk til at vi skal leggje alle egg oppi éin hatt.

Iversen viser til at det i dagens Voldahall er full idrettsaktivitet kvar dag fram til klokka 23 på kvelden.

– Skal vi i tillegg inkludere kulturen vil det raskt kollidere. Det eignar seg nok betre på mindre stader. Eg trur det kan komplisere saka også med tanke på økonomisk finansiering, seier han, og viser til at fylket har sagt seg villig til å vere med på spleiselaget på ein ny hall, fordi dei er ansvarlege for at Volda vidaregåande har tenlege lokale tilgjengelege.

Ein ny Voldahall skal sørge for den vidaregåande skulen, sentrumsskulane og for idretten elles.

– Eg er usikker på om fylket vil vere med om vi puttar enno meir inn i prosjektet.

Iversen set sin lit til at dei kan få til noko i samband med Campus-prosjektet på høgskulen. Der vert det jobba med utviding og fornying av bygga.

– Mi personlege meining er at vi då også kan sjå om dette kan verte utvikla til andre kulturføremål, til dømes kino og kulturanlegg.