Ordførar Rune Hovde møter i ettermiddag Bent Høie i Ålesund for å drøfte Volda sjukehus. Der ynskjer ordføraren å presisere kor viktig Volda sjukehus er for tryggleiken til innbyggjarane i regionen.

– Min lojalitet i denne saka er for lokalsamfunnet og tryggleiken til innbyggjarane. Før og etter landsmøtet til Høgre har det vorte eit tema kva Høgre eigentleg seier i denne saka, og det er eit visst politisk spel rundt det, seier Hovde.

I samband med at Høie tysdag er i Ålesund for å vitje Ålesund sjukehus og delta på eit ope møte om dette sjukehuset, har Hovde fått tid til å møte Høie i forkant av desse møta.

– Det er eit høve eg berre må seie ja til å vere med på. Vegen inn mot regjeringa er kortare enn han har vore, og slike høve må nyttast for å snakke lokalsjukehus og Volda sjukehus si sak, seier Hovde.

Han minner om at regjeringa har varsla at sjukehusmeldinga kjem til hausten. Der vil det stå noko om korleis lokalsjukehusa skal verte organiserte.

– Vi må nytte eit kvart høve til å kome med innspel til denne meldinga, og difor har eg kasta om på programmet for å møte Hovde tysdag ettermiddag, seier Hovde.