Eigarar av gardsbruka i Ytre og Store Ryste protesterer mot kommunen sitt ønske om å leggje industri eller anna næringsverksemd mellom busetnaden og Industrivegen på Rystelandet. Protesten er ein merknad til kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda som er ute på 2. gongs høyring.

– Planomtalen stadfestar at sentrumsområda alt har nok areal for det ein kan forvente av auka trong om næringstomter. Melsgjerda skal gje tilstrekkeleg dekning i planperioden, og i tillegg har kommunen nettopp vedteke ei omfattande utviding av næringsområdet sør for fly- og idrettsplassen i Hovdebygda, skriv Per Halse, Kjell Hovden, Knut Olav Innselset og Mads Ryste.

– Når kommunen samstundes legg opp til vidare utbygging av bustadområde i Rystene, oppfattar me det som ei sjølvmotseiing å leggje næringsareal oppover mot tunområda, skriv dei.