– Vi har sett fram til dagen med forventning og med glede. Fire og eit halvt år etter brannen markerer vi at vi offisielt tek i bruk eit nytt og eit fornye rådhus. Difor er dette ein merkedag for Volda kommune, sa ordførar Arild Iversen under markeringa i vestibylen i rådhuset.

Arbeidet med å finne vegen vidare etter brannen i oktober i 2010 var komplisert, og det har teke litt tid.

– Vi hadde ein byggefrist på fem år, og fleire hadde ikkje trua på at vi ville klare å halde den. I dag er rådhuset offisielt teke i bruk, og fristen går ut i oktober i år. 1. april skulle rådhuset vere ferdigstilt, og nøkkeloverrekking frå totalentreprenøren Hent AS skjedde 27. mars i år, sa leiar Jan Henning Egset i byggjenemnda.

I det nye rådhuset er det fleire tenester enn tidlegare, og det skal fungere betre både for tilsette og innbyggjarar.

– Den fløya av rådhuset som brann ned er ny heilt frå gateplan og opp. Den andre fløya, som er frå 1979, har gjennomgått ei vesentleg fornying. Volda kommune har fått eit nytt, moderne og meir tilgjengeleg bibliotek der brannstasjonen var før, og i rådhuset har det gjort plass til fleire tenester enn tidlegare. Vi har fått mange nye og betre tilpassa kontor, og det er lagt til rette for eit vesentleg betre arbeidsmiljø for alle tilsette og betre tenester for innbyggjarane.

Ei av dei nye tenestene som er på plass i den heilt nye fløya er den interkommunale barnevernet for kommunane Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda.

– Denne avdelinga vert frå no av den største avdelinga på rådhuset. Det seier også litt om samfunnsutviklinga dei seinaste åra, sa Iversen.

– Det som var ein krevjande situasjon, er no snudd til glede og optimisme. Det som var øydelagt er no gjenreist og fornya. Det som var spreidd i lang tid er no igjen samla. Vi har løyst ei stor utfordring i fellesskap, og vi ser framover betre rusta enn kva vi var før dette skjedde. Før vi kom så langt og fram til i dag har det vorte gjort eit svært godt stykke arbeid, sa Iversen som retta ein takk til alle involverte.

Egset opplyste også at det ser ut som dei har klart å halde seg innanfor budsjettrammene.