Dei blir pionerane på doktorgraden, som er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde, melder Høgskulen i Volda på si heimeside.

No er det klart at ein student vert tilknytt Høgskulen i Volda og ein Høgskulen i Molde i ph.d..-studiet i helse- og sosialfag. Dei to høgskulane samarbeider om studiet som har eit planlagt løp på tre til fire år.

– Det er artig å kome i gang med noko nytt her i Volda. Det er ein styrke at vi har eit så godt samarbeid med Høgskulen i Molde. Dei har erfaring frå doktorgradsutdanning frå før, som vi kan dra nytte av. Det er også heilt klart ein fagleg styrke i samarbeidet. Og den samla professorkompetansen vi har til saman er heilt fantastisk, synest Helga Synnevåg Løvoll, som er HVO sin administrative kontakt inn mot det nye doktorgradsstudiet.

Utdanninga har fått namnet «Helse- og sosialfag (fellesgrad). Profesjonsutøving mellom fag, bruker og forvaltning.». At dette er ein fellesgrad betyr at dei to høgskulane samarbeider om å gje utdanninga.

Den rettar seg mot studentar med gjennomført masterutdanning på relevante fagområde. Både sjukepleie, vernepleie, sosionom, barnevernsutdanning og andre direkte helse- og sosialrelaterte profesjonar har god bakgrunn for å gå inn på ph.d.-utdanninga.

Men ei heil rekkje andre fagområde kan også vere relevante for opptak om ein er oppteken av dei generelle spørsmåla som blir dekt av ph.d.-utdanninga, som til dømes: Lærarutdanning, psykologi, sosiologi, etikk, filosofi, juss, statsvitskap, leiing- og administrasjonsfag, logistikk og kommunikasjonsfag.

– Herleg beskjed

Erlend Walseth er den eine av dei to stipendiatane og han skal vere tilknytt HVO. Han har ein bachelorgrad i filosofi og ein mastergrad i sosiologi. Tidlegare har han jobba i NAV, mens han no arbeider med flyktningar i Ørsta kommune.

– Det var ein herleg beskjed å få at eg vart tatt inn. No har eg vore ute i arbeidslivet ei god stund og er klar for nye utfordringar. Eg er glad for å kome tilbake til eit akademisk miljø igjen, og byrje å lese, skrive og halde på med det eg er mest glad i, seier Walseth.

Walseth, som er frå Sæbø i Ørsta, trur det nye doktorgradsstudiet har ei god framtid føre seg.

– Det verkar veldig spanande, og eg trur det er viktig for dei to høgskulane som institusjonar. Det er ei god nyvinning for både stipendiatane og høgskulane, slik eg ser det, seier Walseth.

I si doktorgradsstudie ønskjer han å sjå på samtalane mellom brukar og rettleiar i NAV-systemet, i eit sosiologisk perspektiv.

– Sidan eg har jobba i NAV og med flyktningar, har eg litt erfaring med det. Når staten møter ein borgar er det mykje som skjer på same tid. Det er mange dimensjonar å ta tak i, meiner den ferske doktorgradsstipendiaten, som tek til med studia 1. august.