– På den måten kan kommunen få tilskot frå staten i finansieringa av bygget, seier Odd Magne Vinjevoll og Hans Olav Myklebust som sit i kommunestyret.

Politikarane peikar på at staten finansierer opptil 45 prosent av kostnadene per bustad.

– Kombinasjonen legesenter og omsorgsbustader i andre høgda vil vere god. Og lokaliseringa på Bakk-Ola-marka vil vere perfekt. Synergien av å ha legesenter, helsestasjon og trygdebustader samla i eitt bygg vil vere særs god. Det er viktig at prosjekteringa av nytt legesenter vert gjort etter denne modellen, meiner Vinjevoll og Myklebust.

Dei peikar på at finansieringa av prosjektet er utfordringa.

– Det er stort behov for omsorgsbustader i Ørsta sentrum, seier Frp-politikarane.

Investeringstilskota frå Husbanken skal stimulere kommunane til å fornye og auke tilbodet av m.a. omsorgsbustader for personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester, uavhengig av alder, diagnose eller funksjonshemming.