– Vi fekk ikkje alle pengane vi søkte om no i første omgang, men vi går i gang med oppgradering av ventilasjon, elektro og IKT. Deretter skal vil gjere noko med kontor- og toalettilhøva, seier  lufthamnsjef Sverre Bae.

Arbeidet skal kome i gang allereie no i vår.

Det er også meininga at tilhøva skal bli betre for passasjerane.

–  Ut på hausten håper vi å oppgradere avgangshallen slik at vi får fleire sitjeplassar. I dag får ikkje alle sitje når det er to avgangar samtidig, og det er ikkje bra. Oppgraderinga vil ikkje gjere sjølve bygningen større, men vil utnytte plassen betre. Widerøe har også signalisert at dei skal få på plass automatisk innsjekkiing, opplyser Bae.

Han reknar med oppgraderinga av terminalbygningen blir fullfinansiert med tida.