18 arkitektar har valt seg ut Ørsta i den internasjonale arkitektkonkurransen Europan. Tre av dei var i Ørsta torsdag.

– Vi veit ikkje grunnen til at det ikkje kom fleire. Men vi reknar med at fleire vil levere inn bidrag i konkurransen, seier plansjef i Ørsta kommune, Gunnar Wangen.

Statistikken viser at av dei som melder seg på i konkurransen, så er det 75 prosent som leverer inn forslag.

Av dei 18 som har meldt seg på, kjem sju frå Noreg. Elles er det team frå Frankrike, Finland, Spania, Danmark, Sverige, Belgia, Storbritannia og Polen.

Sjøfronten

Dei valde ikkje den flottaste dagen til å halde synfaringa på. I bitande kulde og vind losa kommunen arkitektane gjennom gatene i Ørsta. Samstundes er vêret eit viktig moment å ta med seg for dei som skal legge planar for framtidas Ørsta. Dei kan ikkje planlegge ein strandpromenade som ikkje toler stiv kuling og vått ver.

Arkitekt Kamil Lewanowicz har brei erfaring, mellom anna frå større rehabiliteringsprosjekt i både Firenze og i London.

I dag held han til i Oslo, men Ørsta har fanga interessa hans.

– Eg ser mykje potensial her. Vi treng å «set some bones in it». Altså skape ein heilskapleg struktur. Eit skjelett å bygge rundt. Det handlar ikkje om plassering av benkar. Det handlar om det store bildet.

Blant øvingane arkitektane må ta stilling til, er ønsket om å få tilbake atmosfæren og folket til Vikegata.

– Då handlar det ikkje om å invitere nye butikkar til gata. Det handlar om å skape eit aktivt sentrum. Då er sjøfronten viktig. Vi må skape ein stor og viktig grunn som gjer at folk vil ta seg ein spasertur i sentrum. Det finst ikkje i dag, seier han.

God øving

Firmaet Norplan var også med på synfaringa. Dei har kontor i Ålesund, på Eid og i Førde. Såleis kjenner dei regionen godt.

– Som firma har vi ikkje vore med på noko slikt før, men dette vil vere ei god øving for oss. I tillegg ser vi mykje potensial her. Ørsta har vore gjennom store endringar, med nye vegsamband til dømes. Her ligg mykje uforløyst i Ørsta, seier Liv Jorun Seljevoll.

Også ørstingar har meldt si interesse for å delta i arkitektkonkurransen. Bjørnar Hovland var på plass som representant for Perfekt Arkitekt som ørstingen Hogne Øye Sætre står bak. Han hadde ikkje sjølv høve til å møte.

– Vi tenker det er fint å kunne vere med på noko som vil vere så positivt for bygda. Vi har hatt mange diskusjonar om sentrum, fortel Hovland.

Og det er no det verkelege arbeidet startar. Arkitektane har fått all den informasjonen kommunen kan gi, og det er tid for å utvikle ideane.

Fredrikke Frølich frå Europan Norge var også med på rundturen i Ørsta. Ho fortel at det som skil Ørsta frå dei andre stadene som er med i årets runde, Trondheim, Bergen, Os og Stavanger, er at der dei andre står overfor ein formidabel vekst i folketalet, er ikkje trykket det same i Ørsta.

– Her handlar det om å revitalisere sentrum og få aktivitet på ein stad der veksten har stagnert. Det er veldig spennande.

Også det urbane med Ørsta vart trekt fram.

– Vi er ein bygdeby. Vi er litt begge deler. Vi er eit handelssentrum med urbant preg samstundes som vi har kort veg til naturen og det meir grisgrendte, kommenterer Wangen.

Fristen for arkitektane er sett til 30. juni. Juryering vil skje i løpet av september, og Europan lovar også utstilling som viser dei ulike alternativa.