Det kommenterte Ola Perry Saure (Sp), då formannskapet tysdag skulle handsame sak om fusjon mellom reiselivsselskapa Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS), Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen (DGT) og Reisemål Stryn & Nordfjord. Men fusjonen vert ingenting av fordi Stryn & Nordfjord har sagt nei til å vere saman med sunnmøringane.

Men årsmøtet i DÅS har gitt fullmakt til å forhandle vidare med DGT om ein fusjon utan Stryn & Nordfjord. Fristen her er sett til 15. mai.

Slagkraftig

– Vi har som mål å få ei ny sak om fusjon handsama før ferien, seier rådmann Wenche Solheim.

I første omgang sa eit samrøystes formannskap seg positive til arbeidet som vert gjort for å prøve å fusjonere DÅS og DGT.

– Formannskapet ser positivt på arbeidet med å styrke reiselivsnæringa gjennom eit større og meir slagkraftig reiselivsselskap. Kommunestyret vil handsame sak om fusjon når eit nytt alternativ ligg føre, heiter det i vedtaket.