Kari Kaski er SV sin nye partisekretær. Jon Aasen er fylkesordførar frå Arbeidarpartiet. Begge vitjar 1. mai-markeringa i Volda.
Tradisjonen tru vert det kake, kaffi, talar og appellar på Samfunnshuset i Volda 1.mai.
Kari Kaski er tidlegare nestleiar i miljøstiftinga Zero og SV sin nye partisekretær. Ho vil snakke om viktige lokale miljøsaker som
gruvedeponi i Førdefjorden
den grøne omstillinga som SV arbeider for
velferd- og skulesaker
viktigheita av lokalsjukehus
kampen mot privatisering
Jon Aasen er fylkesordførar frå Arbeidarpartiet og 1. kandidat på partiet si fylkesvalliste til fylkestingsvalet i haust. Jon kjem frå Vanylven der han var ordførar i 16 år. Han tek opp saker som
Kommunene er arbeidshesten i velferdsstaten.
Kommunereform utan oppgåvereform.
Regionreform med tømming av fylkeskommunen for oppgåver.
Finansiering og fordeling av velferdsstaten.
Solidaritet.
Har vi grunn til forventningar til valet i 2017 og vil det bety eit skifte?
I tillegg vert det appellar frå Amnesty og AUF, samt musikk frå lokale artistar.
Leiar i Volda AP, Jørgen Amdam og leiar i Volda SV, Janne Heggvoll gler seg til 1.mai-feiringa.
– 1. mai er ein viktig dag å markere. Tradisjonen med arrangement på samfunnshuset gjer at folk kan vise engasjement for menneske og arbeidsliv. 1. mai-feiringa på samfunnshuset er ein flott møteplass der alle er velkomne, seier Janne Heggvoll og Jørgen Amdam.