– Sentrumsnemnda som stod bak mellom anna den nye gågata og Hamneparken, var ei suksessnemnd i eit godt samspel mellom grunneigarar, kommunen og fylket. No bør vi få etablert ei ny nemnd for å utvikle sentrumsområdet endå meir.

Odd Magne Vinjevoll, Hans Olav Myklebust og Magne Krumsvik i Ørsta Framstegsparti, rosar Lars Oscar Fossen sitt initiativ til å få rydda opp og stelle sentrumseigedomar slik at sentrum kan stå fram  penare.

–  Fossen har fått stor respons for utspelet sitt, og fleire i næringslivet vil stille opp. No må også kommunen følge opp, gjennom både kortsiktige og langsiktige tiltak, også med tanke på Europan og omsyn til denne arkitektprosessen. Står kommunen, næringslivet, grunneigarar og alle andre gode krefter som kan bidra til eit lyft for sentrum, saman, vil vi få det til, seier offensive Frp-politikarar.

Dei er overtydde om at det rette vil vere å blåse støv av sentrumsnemnda, og reetablere ei slik nemnd der det vert gitt klare mandat.

– Sentrumsnemnda sitt arbeid gav verkeleg resultat. Men nemnda fekk ikkje fullført alt dei ønskte. Mellom anna vart det ikkje noko av turstigen langs Vikelva frå hamna. Dette og andre prosjekt kan vonleg realiserast gjennom ein god og gjennomarbeidd plan, seier politikarane.

Dei meiner også at kommunen bør få etablert vedtekter som hindrar at bygg står fram som falleferdige, anten det er på bygdene eller i sentrum.

Vinjevoll, Myklebust og Krumsvik meiner også at det kan vere fornuftig å invitere til eit møte der kven som helst kan få kome med innspel som skal resultere i handling for eit penare sentrum og organisering av ein stordugnad.LES OGSÅ: Ordføraren rosar sentrumsinitiativ

– Det viktige no er at det skjer noko, og at det vert framdrift, og ikkje berre prat utan handling. Uavhengig av alt dette må det sjølvsagt vere slik at alle som har eigedomar i sentrum må skjøtte dei på ein normal og tilfredsstillande måte, slik huseigarar elles i kommunen må og skal gjere. Bidreg alle til eit løft for sentrum, vil vi få eit godt resultat, og det vert trivelegare å ferdast i gatene.