Klar tale frå Petter Bjørdal (Ap) i Ørsta formannskap tysdag. I ein diskusjon om lokale samferdselsprioriteringar vart det blåst nytt liv i frustrasjonen mange politikarar kjenner på når det gjeld framgangen, eller mangelen på framgang, når det gjeld planane om Ørstafjordkryssing.

– Vi ønskjer ei Ørstafjordkryssing så raskt som råd. Det siste året har vore eit underleg vegår. Ting er snudd opp ned, sa Paul Kristian Hovden (KrF).

Hovden viser at Statens vegvesen tidlegare har uttalt at Ørstafjordkryssing er noko som skal verte prioritert, uansett kvar stamvegen skal gå i framtida. Når valet fall på Hafast, skulle Ørstafjordkryssinga likevel verte prioritert, meiner han. Men i eit brev frå februar i år har pipa fått ein annan lyd. Der seier vegvesenet at det kan ta år å konkludere om Ørstafjordkryssinga.

– Det siste halvåret har eg skjønt at dei i stadig sterkare ordelag ikkje står ved det dei lovde. Voldatunnelen er løfta fram. Ørstafjordkryssinga burde vere likestilt med denne. Vi må vere årvakne og knytte desse to prosjekta saman.

Tydelege

Petter Bjørdal meiner Ørsta må verte meir tydelege på kva dei vil.

– Det er heilt rett som Paul Kristian Hovden seier. Risikobildet til Ørsta er dette: Vert det bygd kryssing eller ikkje? Om vi ser på diskusjonen vi har hatt i Ørsta fram til i dag, med briller utanfrå, så er det litt uforståeleg. Vi snakkar framleis om Fefast og Hafast, men valet er faktisk tatt. Vi må snakke klart og tydeleg, og ikkje vente at andre vil kjempe for det vi ønskjer. Vi må akseptere Hafast, og så må vi seie noko om korleis vi skal knyte oss på dette sambandet. Vi må bestemme oss for kva vi vil, seie klart ifrå, og stå ved det.

Han viser til at det er fleire alternativ som er lagt fram for kryssing av Ørstafjorden, og at det kanskje er på tide at politikarane seier noko om kva dei meiner er den beste løysinga.

Fefast

Hans Olav Myklebust (Frp) meiner Fefast ikkje må gå i gløymeboka sjølv om Hafast er valt som stamvegtrase.

– Det er viktig å framleis snakke om Fefast. Sjølv om valet av stamveg er gjort over Storfjorden, er det beste for Ørsta framleis å ha eit godt samband nordover. Status på vegen er ikkje viktig i den samanheng.

Rådmannen fekk bestilling på ei sak som skal ta føre seg kommunen sitt medlemskap i Fefast, og kva engasjement Ørsta skal ha der i framtida.

Andre konklusjonar vart ikkje tatt, i denne omgang.