Markane vart kvite både i Ørsta og Volda natt til fredag.

Meteorologane varslar at det er venta snø i indre og høgareliggande strok på Sunnmøre også fredag kveld, natt til laurdag og laurdag morgon. Også søndag er det fare for snø, før snøgrensa ser ut til å flytte seg opp i fjellet over helga.

Vêrvarslinga på Vestlandet melder at dei særleg ventar snø fredag kveld.

– Vinteren er ikkje over, skriv meteorologane på Twitter.

Snøskredfaren er venta å ligge på moderat nivå fredag og laurdag.