Odd A. Folkestad (Frp) seier at han er både forundra og skuffa over at fleirtalet i Volda formannskap sa nei til ideen hans om å greie ut om ei mellombels løysing for kulturlivet i bygda. Formannskapet sa ja til å få ei utgreiing om ny hall i Volda, som erstatning for dagens Voldahall som er i svært dårleg stand.

– Men dei sa nei til mitt forslag om å i same andedrag kunne sjå på om den nye hallen også kan verte forma slik at han til dømes kan verte nytta som storstove til kultursamlingar, som konsertar, teaterframsyningar og liknande.

Tanken til Odd A. Folkestad er at dette kan vere ei mellombels løysing som er til å leve med for Volda, fram til det kan verte reist eit nytt og eige kulturhus.

– Det finst gode døme på slike hallar, til dømes Framohallen i Bergen. Men då må det vere med i planane før bygginga startar, mellom anna for å få på plass gode tekniske løysingar.

Overraska

Forslaget til Folkestad fall med fire mot fem røyster.

– Alle parti i Volda gjekk til val på at dei ville gjere ein innsats for å få realisert eit kulturhus i Volda. Så viste det seg at vi ikkje hadde det handlingsrommet vi trudde at vi hadde.

Likevel peikar Folkestad på at dei har fått til mykje sidan 2011. Det er gjort vedtak om bygging av ny Øyra skule. Her vil også kulturskulen få lokale. I det nye rådhuset har også biblioteket fått ny og større boltreplass.

– Dette var ting som var med i kulturhusplanane som vart nedstemt i 2008. Det har no funne si løysing. Om vi då også kunne finne ei god løysing for kulturanlegget vi manglar, har vi kome langt på veg. Det skjer meg i hjartet kvar gong store kulturarrangement må ut av bygda for å finne lokale. Det gjeld til dømes musikalen til Volda vidaregåande skule.

Han er overraska over at noko så enkelt som ei utgreiing, ikkje er noko politikarane ønskjer. Høgre, Venstre, Frp og Ferjelista stemte for, medan fleirtalet, med KrF, Sp, SV og Ap stemte nei.

– Eg er overraska over at kulturhusforkjemparar går i mot forslaget om å få til ei mellombels løysing. Og eg er overraska over at ordføraren i Volda ikkje såg det gode med ein slik kreativ idé, men kanskje har han noko i ermet som eg ikkje veit om.

Odd A. Folkestad lovar at siste ord ikkje er sagt.

– Saka skal opp i kommunestyret, og forslaget vil verte fremja på nytt.