Han rosar Lars Oscar Fossen for iveren etter å få gjort sentrum i Ørsta penare og meir tiltalande.

Prisverdig

– Det er prisverdig at Fossen set i gang ein debatt om sentrum. Ein kan verte litt blind for korleis det ser ut når ein går opp i det heile tida. Og det er slik at ein kan gjer det penare med små tiltak, ja, det skal ikkje alltid så mykje til. Kommunen skal ta sin del av ansvaret, men det må også dei private huseigarane gjere. For alle har ansvar for at eigedomane står fram som tiltalande, meiner ordføraren.

Han meiner likevel at det viktigaste er å ha ein overordna plan for sentrum, og at det ikkje skal vere strakstiltaka som skal lyfte sentrum.

– Fram til no har ikkje kommunen hatt ressursar til å gjere noko skikkeleg i sentrum då vi har vore i Robek. No er vi vonleg straks ute av dette, og det er no vi må tore å vere offensive, noko vi ikkje har vore, tvert imot. Vi må tore å seie at vi skal utvikle oss, og at vi skal få til noko i sentrum. Europan-konkurransen er ei gylden moglegheit i samband med sentrumsutvikling, og sentrum har kjempemoglegheiter, seier Hovde.

Investere

Han gjer det klart at det er viktig å investere i sentrumseigedomar gjennom vedlikehald og oppgradering for å få utvikling og eit sentrum ein skal vere stolt av.

– Dette gjeld sjølvsagt også kommunen sine eigedomar.

– Er du stolt av sentrum slik det i dag står fram?

– Eg er stolt av potensialet og at vi no er i ferd med å få til noko gjennom Europan, men det er også ein del bygg som ikkje ser bra ut. Men eg har også forståing for at grunneigarar vil vente med å gjere noko før Europan er ferdig, men det betyr ikkje at ein ikkje kan gjere enkelt vedlikehald, seier Hovde.