I formannskapet tysdag skulle politikarane kome med innspel til fylkeskommunen om ønska prioriteringar på samferdsel i kommunen.

– Ny stamveg utanom Ørsta sentrum ligg langt fram i tid. Samstundes ser vi ein trafikkauke i sentrum som til tider er formidabel, kommenterer Knutsen (V).

Kaos

Særleg viser han til området ved Garvargata og nye Rema 1000 på Ose.

– På Ose er der til tider kaos ved fotovergangen, og det skjer mykje risikofylt køyring inn og ut av riksvegen. Kan vi sende eit signal til fylket om at vi ønskjer å regulere gjennomgangstrafikken i sentrum? Er dette rett tid og rett stad å kome med eit slik utspel? undra Knutsen.

Paul Kristian Hovden (KrF) er usikker på om adressaten er rett, då det er snakk om ein stamveg og ikkje ein fylkesveg, men fleire andre punkt på lista handla også om E39, og eit samrøystes formannskap stemte difor for å få med Gunnar Knutsen sitt innspel på prioriteringslista.

Naboar i området på Ose har også tidlegare bedt kommunen gjere grep på grunn av auka trafikk i området.