– Planforslaga gir minimale forbetringar for gåande og gir ikkje vesentleg forbetra tilhøve for syklande, skriv Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i merknadane sine til planane om ny bru og nytt kryss ved Øyraelva i Volda.

Planane er utarbeidde for å betre trafikktilhøva i det mange ser på som ein flaskehals på E39. I dag må køyretøy på E39 ta ein 90-graders sving ved elva.

Dei fryktar også at høgare fart og auka trafikk vil gjera at den nye løysinga vil vere til hinder for lokaltrafikken gjennom Volda.

– Og gjennomgangstrafikken vil berre spare nokre få sekund. Totalt sett er forbetringane minimale for alle trafikkgruppene. MDG går difor imot planforslaga.

Partiet meiner det heller bør byggast heva og opplyste gangfelt og bli innført 40-sone i området for å betre trafikktryggleiken i området. I tillegg bør vil MDG ha gjennomgåande sykkelsti ned Elvadalen til hamna. Dei vil også få gjennomgangstrafikken ut av sentrum og inn i den planlagde Voldatunnelen så raskt som mogleg, i staden for å bygge nytt kryss i sentrum.