Det var om lag 1.200 søkjarar som hadde Høgskulen i Volda som primærval då fristen gjekk ut 15. april. Det viser søkjartala frå Samordna Opptak, som vart lagde fram onsdag, ifølgje nettsida til høgskulen.

– Vi ser at søkjartala på studia i Volda svingar i takt med nasjonale trendar. Til dømes har sosionomstudiet aldri hatt så høge søkjartal som i år, fortel rektor Per Halse. Andre studium med god søknad er det heilt nye studiet Naturguide og det er også lange ventelister på Praktisk pedagogisk utdanning (PPU).

Dei siste åra har skulen hatt mellom 3.600 og 3.900 studentar. Neste år vil talet ligge på same nivå. Rundt halvparten av studentane blir tekne opp lokalt, i staden for gjennom Samordna Opptak. Desse kan søkje heilt fram til studiestart i haust.

Dei mest søkte studia ved Høgskulen i Volda har i alle år vore mediestudia og det er framleis hard konkurranse om å få plass på bachelorstudia i Animasjon, Journalistikk, og Media/IKT/design og masterstudiet i Dokumentar og journalistikk. Medieutdanningane har i år om lag 350 søkjarar.